Arkivskapere og arkivserier

Kommunen har eit sentralarkiv som skal vere arkivskapar for alle administrative einingar som er knytt til kommunen sitt sak-/arkivsystem (Acos WebSak). All journalføring og administrativ sakshandsaming skal skje i sak-/arkivsystemet, med unntak av personsensitive saker som skal førast i lukka fagsystem.

Sak-/arkivsystemet har ein felles database for journalføring og eit felles elektronisk arkiv for internt produserte dokument og innskanna eksterne dokument.

Avdelingar som har personregister som krev særleg sikring mot innsyn skal fungere som eigne journalførande einingar for sine elektroniske fagsystem. Desse fagsystema, med tilhøyrande manuelle klientarkviv er likevel ein del av fellesarkivet m.o.t. avlevering.

Laster...