Utskriftsvennlig versjon

Arkivorganisering

- Skodje kommune har sentralt postmottak. Denne oppgåva er organisatorisk plassert under Stab/støtte.

Postmottak registrerer, fordeler og journalfører inngåande e-post, og skannar, registrerer, fordeler og journalfører post som vert levert til rådhuset. Posten vert levert til rådhuset ein gong for dag, sjå eiga lokal rutinebeskriving for arkiv.

Den sentrale post/arkivtenesta nyttar Acos Websak.

- Storfjorden barnevern sitt arkiv er fullelektronisk og nyttar Visma Familia som fagsystem, og Visma VSA som arkivsystem. Det gamle papirmateriellet vert oppbevart i arkivlokalet i kjellaren på rådhuset.

- Helse- og omsorgseininga sitt arkiv skal verte fullelektronisk i løpet av desember 2015. Eininga har skanna inn i fagsystemet sitt Visma Profil ei tid, men skal no ta i bruk Visma VSA arkivsystem i likheit med Storfjorden barnevern. Papirmateriell som er i bruk vert oppbevart hjå einingane sjølve, eldre og avslutta vert oppbevart i arkivlokalet i kjellaren på rådhuset.

- Teknisk avdeling skannar alt inn i Acos websak, men dei har valt å ha papirmappene i byggesak, delingsak, reguleringssak og kommunale bustadar vidare ei tid i tillegg. Desse mappene er oppbevart i eigne skap på rådhuset.

Rådmannen sitt ansvar:

Det overordna ansvar for arkiva til ein kommune ligg hos administrasjonssjefen. Det vil for Skodje kommune vere rådmannen jfr. kommunelova   § 23.

Dei øverste politiske organ sitt ansvar:

Dei øverste politiske organ, kommunestyre/formannskap har styringsansvar med følgjande mynde til å fastsetje økonomiske og praktiske rammer for arkivarbeidet.

 
 
Laster...