19. mai 2012
ARKIVPLAN FOR SKODJE KOMMUNE
Til fremsiden
KAI samhandlingsrom
 
Organisering/Ansvar/Plan
  Politisk organisering
  Administrativ organisering
  Arkivorganisering
Reglement
  Lover og forskrifter
  Sentralt regelverk
  Lokalt regelverk
  Lovene i fulltekst (link ti...
Rutiner
  Daglege rutiner
  Rutiner for dokumenthandtering
  Saker til politisk handsaming
  Periodiske rutiner
  Spesialrutiner
  Kvalitetssikring
Oversikt
  Elektroniske systemer
  Arkivskapere og arkivserier
Arkivdepot
  Depotordning
  Reglement
  Katalog
 
 

Arkivplan for Skodje kommune

Bru1920

 

Arkivlova med forskrifter ligg til grunn for retningslinene.

Arkivplanen skal sikra at Skodje kommune ivaretek arkivansvaret sitt etter arkivlovas § 6: "Offentlege organ pliktar å ha arkiv, og desse skal vera ordna og innretta slik at dokumenta er tryggja som informasjonskjelder for samtid og ettertid."

Føremål for arkivplan i Skodje kommune:

Denne arkivplanenen skal til ei kvar tid vere retningsgjevande for korleis all dokumentasjon som kommunen treng i sine daglege gjeremål eller har plikt til å oppbevare for ettertida skal registrerast, oppbevarast og nyttast. Den skal vise kva arkivet omfattar og korleis det er organisert. Det er eit krav i forskriftene til arkivlova at kommunane skal ha ein slik plan (§ 2-2). For at planen til ei kvar tid skal vere aktuell, må den jamnleg oppdaterast og ajourførast. Dette skal skje minst ein gong i året. Dei arkivplanane som er gått ut av bruk skal arkiverast.

Arkivleiar har det daglege ansvaret for arkivtenesta og utarbeider verksemdplan. Godkjend verksemdplan skal vere med i kommunen sin årsplan.

I kommunen er det administrasjonssjefen (rådmannen) som har det overordna arkivansvaret (jfr. arkivforskrifta § 1-1).

Som administrasjonssjef i Skodje kommune oppfordrar eg alle medarbeidarar om å sette seg godt inn i, og følge retningslinjene i arkivplanen.

Skodje kommune november 2010

Kjell bjørdal

rådmann

Created by NXC AS